Setrane i Brekkom

Dette er skrive ned som innleiing om setrane i Brekkom, i boka: «Seterhistoria for Ringebu». Denne boka kom ut i 2011.

Ved Erling Borgedal (født den 06.01.1921, død den 01.10.2013)

Dei fleste gardane i Brekkom har si eiga seter på Annolseter, Stor-Tann eller på Persletten. Dei to fyrste setergrendene er av dei større i Ringebu, og det var oppimot 30 seterbol her på det meste. På Persletten er det berre nokre få, med Nistuen Romsås som den største. Det var liv og røre av ymse slag, den tida seterbruket var i full drift. Nå har det meire stilna av, og den tradisjonelle seterdrifta med ku og geit er nærmast slutt. Dei einaste Brekkomsgardane som ikkje har slege lag med dei andre, er Mork og nere Borgen. Dei har seter på Skotten, med gardane frå Sør-Vekkom. Så tidleg som 1668 hadde Mork seter her, og etter deling på 1800-talet, er det nå 3 Mork-gardar som har seter på Skotten. Dei 2 andre (Lille Mork) har seter på Annolseter.

Dei gode hamneområda innover mot Høgåsen, Veslefjellet og mot Vetåa, gjorde nok sitt til at Brekkom fann setrane sine her frå gamalt av, og ikkje minst den gode tilgangen på vatn. På Stor-Tann renn Sagbekken nedover midt på setra, med fleire gode vasskjelder i kantane. På Annolsetra er det fleire småbekkar og gode vasskjelder.

Seterbruket i Brekkom er gamalt. Dei eldste gardane var nok dei første som drog frå lenger nere i bygda for å ta dei gode fjellbeitene i bruk. Sume stader har det vori heimsetrar som var brukte vår og haust, men det er lite av slike i Brekkom. Dei yngste gardane, og dei mange husmannsplassane, kom attåt seinare med setrane sine, men dei flest av desse er og gamle nå. Mange er lagt ned og slege saman att med dei gardane dei var skilde ut frå.

Dei tre Brekkom-setrane er dei same i dag som dei har vore før, men mye har forandra seg det siste halve hundreåret. Den tradisjonelle gamle seterdrifta med ku og geit og budeielokking er nærmast slutt over alt. Seterkveene er dyrka opp og gir gode avlingar, og sume har dyrka opp ny jord på seterteigane sine. Der dei før dreiv med seterslåtten i dagevis, og ofte slo med ljå på udyrka mark, kjører i dag traktorar med forhaustar eller rundballpresse. Dei fleste av dei gamle seterhusa er nå restaurerte og vinterisolerte. Dei vert mest nytta som feriestad av bygdefolk sjølv, eller leigd ut. Reine feriehytter er det og mange av.

Dei mange lauskyrne som fartar rundt i områda om sommaren, gjer sitt til at litt av den gamle seterstemniniga framleis held seg oppe, sjølv om seterbruket er lagt ned.

Vegar

Ein lett og god seterveg er det verre å få til. Den tronge og bratte Breidalen har gjennom tida vore eit hinder for ein lettbrukt veg, og fleire vegar har vore nytta. Den eldste kjørevegen ein veit om, går frå Gardbogen, attover Romsåskjølen, og ned den bratte skråningen mot Breia, der det var bru over elva. Derifrå gjekk den oppover Korsen mot Stor-Tann, med sidegrein mot Annolseter. Frå Stor-Tann gjekk vegen vidare mot Persletten, og mot Vesle-tann lenger sør. Kor gammal denne vegen er, er det uråd å vite. Truleg går den attende til fyrst på 1700-talet, eller helst før, for seterbruket til dei eldste gardane i Brekkom går mye lenger attende i tida. Frå gardsbruka i søre Brekkom gjekk det skråvegar inn på denne vegen, som vart kalla for Sneivegen. Ennå synast det murar etter denne vegen og brua vart halde i stand til fyrst på 1900-talet. Vegen vart brukt til å jage fe etter, for her slapp ein alle grindene som var etter den gamle bygdevegen. Nå er det meste av brukara rive vekk av flom.

I 1850-åra vart bygdevegen etter Brekkom utbetra. Mykje vart lagt om. Nå vart det og bygd ny veg til dei tre Brekkomsetrane. Den fortsette der bygdevegen slutta ved Korssletten, og gjekk attover mot den tronge elvedalen, med bru mye lenger ned enn brua på den andre vegen. Med den nye vegen blomstra det opp ein heil liten industri i den tronge elvedalen (Gammeldalen), med nytt kvernbruk, korntørke og sagbruk. Murrestar etter desse annlegga synest ennå, og ein stor kvernstein ligg att i kvernhustomta. Også setereigarane på Vesle-Tann brukte denne vegen og hadde andelar her. Likeeins Wollert Konow, som var statsråd og eigar av Tjerne på Ringsaker. Han brukte denne vegen som kjøreveg til og frå Ormsetra om somrane. Men den store buskapen vart jaga frå Ringsaker. Den tok til fjells ved Haug i Øyer. Dette var ein lang seterveg.

I 1870 vart det behov for eit større vedlikeholdsarbeid på setervegen. Det vart sendt ut eit skriv der setereigarane skreiv seg på for arbeid og kostnad. Formannen Ole M. Romsås har forma skrivet og det gjev eit godt innsyn i den store trafikken frå setrane og over setrane for vel 130 år sidan. Han oppsummerte det store behovet for betre vedlikehald ved å slå fast at det årleg gjekk fleire tusen lass etter denne setervegen – store tall.

I 1903 var det enda ei stor utbetring av vegen over Gammeldalen, men nå var ei ny tid i emning. Dei første bilane tok til å rulle etter Gudbrandsdalen, og kravet til betre vegar auka. I 1912 var den nye vegen oppover Brekkom ferdig. To år seinare vart den tredje, og truleg den siste kjørevegen til Brekkomsetrane tatt i bruk. Den tok av ved Borgedals-jordet, gjekk over Fugleslåa og til ei ny mura steinbru over Breia. Snart gjekk det også bilar etter denne vegen.

Så skulle ein vel tru at det ikkje har vore fleire vegliner over den tronge og bratte Breidalen til dei tre Brekkomsetrane? Eldre folk har snakka om enda ei veglei til desse setrane, ei veglei som har gått i glømsle for lengst. På eit gammalt kart, teikna av ein kaptein Ramm, 1825, er det streka opp ein veg beint frå Fugleslåa til Stor-Tann. Det er eit stort spørsmål om vi ikkje her er på spor av den aller første ferdselsåra, frå da dei eldste gardane i Brekkom fann seg setrar her. Dette kan umogleg ha vore anna enn ein gang- eller kløyvveg, noen kjøreveg er det ikkje spor etter. Kanskje har det vore lagt over bru i det tronge elvegjelet som vert kalla Slåtronget, der bergsidene dannar naturlege brukar? På eit nyare kart, teikna av ein løytnant Ødegård i 1885, er ikkje denne veglina lenger med. Ho er for lengst gått ut av bruk, også som snøggveg, og er glømt. Ein kan ikkje unngå å omtale desse ymse veglinene til dei tre Bekkom-setrane, for frakteveg – kor dårleg den enn kunne vera, var det første grunnlaget for at dei eldste setrane i det heil vart oppretta, og drifta halde fram gjennom hundreåra.

Dei gardane i Brekkom som fann seg setrar på Skotten, slapp unna vanskane med den tronge og bratte Breidalen, men hamneområda rundt Skotten var fyrst og fremst beitemarka til gardane i Sør-Vekkom, frå Prestgarden i nord til Skrukkerud i sør.

I tillegg til den vanlege ferdsla om sommaren, var det ikkje så reint lite trafikk innover fjellet til Ormsetra og ned til Imsdalen, Mikkelslåa og Imsdalsenden. Den gongen var det full seterdrift på Ormsetra. Mesteparten av denne trafikken gjekk over Brekkom-setrane.

Fjellslått, måsåsanking og vedhogst

Når seinhausten kom med snø i fjellet, og dei mange vintervegane innover myrane fraus til, ofte ved hjelp av tråkking føreåt, byrja lynningstida, som ofte tok heile månaden og meire. Det var mange som brukte slåttane sine i Samdalen heilt fram til 1930-åra, da fellesgjetinga tok til. Det vart kjørt fram mange lass med godt fjellhøy frå desse slåttane.

Samdalsbjørk var det mange som fekk hogge og kjørt, og ikkje minst mose, som vart teke og brukt i store mengder, både til ku, geit og sau. Mose var eit godt tilleggsfor, og mange rekna den jamngod med turnips. Mosen vart teke før om hausten i rått og fuktig vær. Da var den mjuk og god å arbeide med. I Brekkom vart den kalla måsså. Reidskapen som ein brukte til sankinga, var for det fyrste måssåkorga, laga anten av kløyvde og bøygde treteinar eller av nettingtråd. Den brukte ein til å bera saman mosen med. Måssåriva ein brukte var meir grovgjord enn ei vanleg høyrive, med lengre tindar. Mosen vart teke ymse stader bortover i fjellet og såta opp til passe slealass. Ein måtte skifte plass kvart år, for mosen vaks seint opp att. Når lynningstida byrja, vart den fyrst kjørt fram til samlingsplassar i bjørkeskogen, for å sikre seg mot vondvær og mykje snø i snaufjellet. Frå desse plassane var det felles heimveg for alle.

Desse samleplassane for mose, vart i Brekkom kalla for velter. Mosesåten vart velta opp på kant, slik at dei vart betre å lesse på att. Dei dreiv heller ikkje så lett ned om det vart vondvær og mykje snø. Det var ei slik velte i bjørkeskogen sønnafor Kappridarslettom, som vart kalla Nordre Velta. Lenger sørpå låg Søre Velta. Frå desse veltene kunne ein gjera to turar fram på setra, når ein var tidleg oppe om morgonen. Ein brukte to slear, den siste mindre enn den første, med stubbskjæker imellom. Så vart det enda ei avlessing på seterstulane. Derifrå vart mosen kjørt heim utover vinteren, saman med seterhøyet og samdalsbjørka, og lauv og ris frå seterteigane lenger fram.

Dei gamle vintervegane innover myrane frå setra, ligg der ennå med tydelege far mange stader. Hundreårig bruk gror seint att. Mange som veks opp i dag, veit knapt kva dei har vore brukt til. Mesteparten av denne kjøringa tok slutt sist i 1940-åra. I dag er det berre minner att om ein ferdsel som var ein del av det gamle seterbruket og den gamle bondekulturen.

Ysting og matstell ellers krevde mykje ved. Den vart oftast kjørt fram om hausten til seterbruk. På setra var det godt å ha tørr bjørkeved. Men det vart også ruska i hop anna ved, og det vart brukt ein del einer, som var rive på frose haustmark.

Vanlegvis er ikkje dei gamle sela bygde for vinterbruk. Om vinteren var det dei små eittroms lynnbuene med stall attåt som vart nytta, både i lynningstida og om vinteren elles.

Setermeieri

Stor-Tann var av dei fyrste setrar som byrja med foredling av mjølk på samyrkebasis om sommaren. Dei starta med smørproduksjon i Sygard Ner-Romsås-selet i 1889. Separatoren vart veiva med handkraft. Det var Ole Myhren som hadde denne jobben medan dei dreiv der. Det vart snart bygd opp eige hus til drifta like ved. Dette vart utbetra fleire gonger og vart Stor-Tann meieri.

Smørproduksjonen stana opp etter noen år. Setereigarane var misnøgde med at berre fløyten vart nytta, skummamjølka måtte dei ta attende og yste sjølve i sela bortover. Drifta låg nere til 1904. Da kom Selskapet for Norges Vel inn med osteforsøk eit par år. Etterpå heldt setereigarane sjølve fram med ysting. Det vart sett inn 4 ystepanner. Eit stort vasshjul ute var drivkrafta til røraren, ei stor tønne son gjekk rundt og rørte myssmøret kaldt.

I 1910 vart det gjort ny avtale med Selskapet for Norges Vel. Det vart gjort forsøk med ymse ostetypar og best mogleg utnytting av mjølka. Forsøksleiar var Ludvig Funder. Det er att diplom som ysteriet fekk for osten sin desse åra. I 1912 arrangerte Selskapet eit stort seterstemne ved ysteriet, der mange kjente fagfolk var innbedne. 30 – 40 hestar frakta gjestane opp Brekkom og over Gammeldalen til setra.

I 1917 tok Statens Meieriforsøk over drifta og forsøka. Dette held fram til 1927. Da byrja Fåvang Ysteri å hente mjølka med bil frå setrane og drifta ved Tann Meieri vart lagt ned. Nå er det berre den mura ostbua og skålen over som står att etter denne verksemda, som var så sentral på setra i lang tid.

Sag

Det er mange som har lurt på kva namnet Sagbekken kjem av. Det er ingen som veit om det har vori noka sag på Stor-Tann. I dei seinare åra er det funne att gamle dokument som fortel at det i 1725 var innberetta til fogden om Tann sag. Eigarar var fire Romsås-brukarar. Knut, Erik, Jon og Peder, dessutan Christen Mork (Vesle-Mork?) og enka i Spangrud. Det står at saga var oppført i gamle tider og hadde «hel damstokk», noko som truleg tyder på at det har vore bygd sagdam til anlegget. Det finst att bord og plankar på sume setrar – helst etter nedrivne hus – der ei oppgangssag har hakka seg gjennom tømmerstokken med ujamne, grove snitt. Seinare flommar har jamna ut alle spor etter denne saga.

Budeiene og seterlivet

Det var eit stort ansvar og mykje arbeid med seterstellet, særleg den tida alle ysta om sommaren. Men mange heldt det likevel for den beste tida i året. På mange plassar var det kjerringa sjølv som låg på setra, oftast saman med ungane sine. Andre stader var det leigd inn sommarbudeier, ofte yngre jenter.

Jamt over var det vinterbære eller vårbære kyr, slik at den største mjølkemengda, vart om sommaren. Ei seterbudeie tok difor hand om den beste produksjonen i året. Å få ord på seg for å vera ei god budeie, var lovord alle sette pris på og ei god attest å få med seg. Det var nok både yrkeskjensle og tevling mellom budeier og setrar om å ha mest mjølk sommarstid. Eit gamalt hermestev, fortalt av Marie Nistuen Romsås, seier det slik: « På Persletten og Skotten, mjølker kua langt over potten, men på Annolseter og Tann, mjølke ho berre lite grann! Tralala, tralala, Tra-la-la!».

Det vart liv og røre på setra når så mange var samla i så nær avstand. Når kua var sleppt ut om morgonen, var det ofte «lokkarkaffe» som gjekk på omgang og laga eit nært sosialt samvær. Kuraut og bjøller hørdes over alt. Dei ymse bjøllene hadde ofte kvar sin klang, og kjendes frå kvarandre.

Mot helgeleite kom bygdefolk opp på setra, både familiemedlemar og ungdom elles. Setrane var den beste samlingsstaden før i tida. Sume gonger var det dans på seterstulane. Dei tre setrane i Brekkom ligg nær kvarandre og dei hadde ofte Rundhaugen på Stor-Tann som felles samlingsplass. Det er ein høg haug, oga Flyensetra, som var jamna ut på toppen. Her let det frå fele og trekkspel i mang ein varm sommarkveld, og gamal og ung svinga seg det beste dei kunne på det ujamne dansegolvet. Det hendte nok at ei flaske gjekk på omgang og stiva opp humøret.

Dei fleste gardane hadde både ku og geit med på setra, og var ikkje geitflokkane for store, følgde dei kyrne og kom heim saman med dei. Slike vart kalla «kugeit». Verre var det med store geitflokkar. Dei skilde ofte lag frå kyrne og drog ut på eige hand. Da var det godt å ha ein gjetar med, helst var det ein halvstor gutunge. Det var fleire slike om gjette, dei slo ofte lag om dagen og fann på mye rart å fordrive tida med.

Ei god bjølleku, som kom heim att med flokken kvar dag, var gull verdt. Ho fekk ofte eit langt liv, sjøl om ikkje avdrotten var av den høgste. Låg kua borte, minka mjølka fort. Ofte måtte ein gå etter kua, for å sikre å få ho heimat til kvelds. Det var ikkje uvanleg at in måtte innom Høgåsen og Røytjernet etter dei. Det er fortald at sume budeier måtte heilt inn til Vetåa før dei fann att kyrne. Ein høg haug inna Høgåsen har namnet «Stutarhaugen», og det har truleg samband med gjeting og lokking på dyr.

Da seterbruket var på det meste, vart hamna rundt sjølve setrane for lita for dei mange kubølingane. Kyrne måtte trekke langt innover for å finne nok beite. Før fellesgjetinga tok til, gjekk også sauene i kuhamna, og store hesteflokkar farta over setrane.

Statistikk om setrane

I ei oppgåve som Ringebu jordstyre samla inn gjennom Fjøskontrollen i 1942, er det med tal fråd dei tre setrane i Brekkom. Det var Sverre Borgedal som var kontrollassistent, og han skreiv i forordet til oppgåva «at husdyrbestanden er slik den er nå. I normale tider kan ein rekne med adskillige flere storfe. Når det gjeld avlingen, er det middelstall for ett middels år.»

  • Stor-Tann hadde desse tala: I alt 30 setereigarar, av desse låg 6 heime. Dei 24 hadde 213 mjølkekyr og 389 vinterfora småfe (sau og geit). Arealet av seterkveene var 367 dekar, og det var 209 vinterlass med høy.
  • Annolseter har 20 setereigarar, 1 låg heime. Dei 19 hadde 160 mjølkekyr og 246 vinterfora småfe. Samla kveareal: 274 dekar og 187 høylass.
  • Persletta har tre setereigarar, 1 låg heime. Det var 24 mjølkekyr og 22 småfe. Samla areal 62 dekar, 38 vinterlass med høy.

Eit vinterlass var eit hestelass der det vart brukt det ein kalla for storslea, i motsetnad til dei mindre ein brukte i brattlendet. Eit vinterlass frå setra, skulle vera både ruvsamt og velforma. Det var nærmast skam å køyre etter bygdevegen med eit «puslete» seterhøylass.

Desse tala som Ringebu jordstyre fekk gjennom Fjøskontrollen i 1942. gjev eit verifullt oversyn over seterdrifta dei siste tiåra det var full seterdrift i Brekkom. Her har ein og namnet på alle setereigarane den tida. Utover 1950-åra byrja nedgangen, og dette auka i omfang framover. I dag er det nærmast slutt med mjølkedyr på setrane i Brekkom. Nå er det haustbære mjølkekyr som anten beiter fritt omkring den tida dei står borte, eller går i hamning heime i bygda.

Jernutvinning

Rundt desse setrane er det mange spor etter eldgamal verksemd, blant anna er det slagg etter jernutvinning mange stader. Da Historielaget hadde markvandring her i 1994, vart det påvist tydelige restar etter ein blesteromn nedst på Annolseter. Det er sjeldan å finne slike etter så lang tid. På Stor-Tann har det vori eit større anlegg på ei av Flyenkveene (Nordigardskvea). Her fann ein store mengder av slagg under torva da kvea vart dyrka opp etter krigen. Dei fleste seterhusa på Stor-Tann har nok slaggklumpar liggande som suvernir frå dette anlegget. Den vesle myrlappen på kvea har neppe skaffa nok råvare til så stor produksjon, så det har truleg vorti frakta myrmalm frå myrer lenger innpå. Ellers har det vori mange groper i terrenget rundt dette anlegget, noko som tyder på at det har vore kolbrenning her – og Sagbekken renn like ved. Både ved Persletten og ved myrar oga setrane er det funne slaggklumpar som fortel om den eldgamle verksemda og at myrane inneheld jernmalm.

Dyregraver

Dyregraver rundt seterområdet er det mange av. Da Historielaget hadde markvandring her, vart det sett på tre store ved den nye saustøa på Stor-Tann. Desse ligg på rekke i nær avstand frå kvarandre, og er truleg del av eit større fangstanlegg. Oga Persletten er det ei riktig stor grav, og likeeins mellom dei to andre setrane. Elles er det mange som ikkje er så djupe lenger, og som kan forvekslast med kolgroper. Ingen av desse gravene er undersøkt for å finne alder, men dei fleste er nok mange hundre år gamle og fortel om ein fangstmåte som den gongen var ein viktig del av det daglege brød.

Einebærolje

Som ei lita attåtnæring var det mange som brende einebærolje på setrane. Det var mest på 1800-talet og første del av 1900-talet. I krigsåra og like etterpå, tok det meir slutt. Det var helst dei som hadde små seterstell som dreiv med dette, men og ein del andre. Det var ikkje lite arbeid med denne verksemda, og noka stor forteneste var det heller ikkje. Var ein heldig, kunne ein få ei tre-pæl flaske med olje om dagen. Prisen ved salg låg rundt ei krone for flaska, men det var gode pengar å ta med seg for mange den tida. Det var ikkje så dyre anlegg som krevdes heller. Sume kunne vel drive med dette nærmast på fri gard, men hadde ein eit simpelt bordhus med tak over, var det sjølsagt betre. Ein måtte få mura opp ein eldstad med røykuttak bak. Så måtte ein ha ei skikkelig stor gryte som ein fylte nesten full med vatn. Ovapå kvelva ein ei tønne med botnen opp. Den var fullpakka med småhakka eintoppar. Ved sida sto ei tønne med kaldt vatn.

Ei, eller ofte to utlaupsrør gjekk frå tønna med einer og vart avkjøla i vasstønna. Ein måtte vera nøye med å tette godt i kanten mellom einetønna og gryta, og likeeins der røra gjekk ut. Til det brukte ein leire, som fyrst var knadd godt. Blåleire var det beste. Den dampen som kom ut og vart avkjøla, var ei blanding av vatn og olje, men olje er lettare, og legg seg øvst, og vart fløtt av.

Ei av dei siste som brende olje på Annolseter, var Laura Dokken. Ho hadde eit lite brennerihus på stulen ved Nylykkja, men måtte utanom setra for å finne nok eine. Folk hugsar enno at ho var heilt bortover mot Hilstad på Stor-Tann med strisekken og handkjerra si, helst på eftassida.
Lisa Nordølum hadde brenneri på framigardstulen på Stor-Tann. Det var morosamt for ungane på setra å kikke innom det vesle bordskuret og sjå på at det draup av røret. Både Ragna Lien (Lykkjom) og Berte Haverstad brende olje på same setra, og der Skogli har setra nå, låg det før ein stor, svart haug av kokt og brukt einer. Det var tydeleg at det hadde vori brend mye her ein gong.

Ole og Bergitte Nybakken brende olje på Persletten ei tid. Anne Ånna, som vart gift med Simen Sparingen, fekk seg opp ei lita murabu ved Grautskarshaugane, litt sør for Urskarsråket. Den vart kalla Oljehytta, og dette har seinare gjeve namn til området rundt bua. «Det er innved Oljehytta,» seier folk ennå. Anne og Simen brende og olje i det gamle Kvernstuguselet neda Mytting på Annolseter, da dei var budiefolk på Mytting. Det vesle møllebruket ved Fåvang hadde seter her, men alt er borte nå.

Seterpensjonat

Rundt 1900 vart det fleire stader bygd opp seterhus, der det vart teke imot betalande gjester. Det var mykje lungesjukdom som herja utover dei fyrste tiåra av 1900-talet. Eit godt botemiddel for mange av dei som var råka av dette, var å kome ut i frisk fjelluft. Men også andre ferierande fann glede i eit besøk på ei slik seter, når det vart lagt til rette for eit godt opphald.

På Annolseter (før vanleg kalla Annor), bygde Einar Pedersen Skrukkerud opp to tømmerhus, det eine i to høgder, og starta med å ta imot feriefolk. Drifta vart snart leigd ut til Anders Øfsteng, som dreiv «Annorseter Pensionat» i mange år. Ein god seterveg var avgjerande for drifta av ein slik turiststad. Derfor skaut han inn heile 1900 kr. i nyvegen til setra. Heile kostnaden på vegen var 22000 kr. Da Selskapet for Norges Vel la forsøka sine til Stor-Tann Meieri, vart det peika på som ein bra ting at det berre var 20 minutts avstand til «Annorseter Fjellpensjonat». Etter det store seterstemnet som vart halde ved meieriet i 1912, var det middagsservering for innbedne gjester og andre på «Annorseter Sanatorium», med seksa og dans etterpå. Det vart brukt mange namn, men bygdefolk flest sa «Hotellet på Annorseter».

Skrukkerud skifta ofte eigarar desse åra. I 1920 kjøpte dr. Sune garden, og turisttrafikken vart avvikla. Pensjonatet vart familieferiestad, ofte med private gjester. Dei gamle bygningene er nå frådelt dei andre seterhusa og seld unna.

Øvre Tromsnes på Annolseter tok imot gjester den same tida. Her vart dei romslege seterhusa brukt. Det fins eit gamalt bilde frå setra, der ein kjørekar (Holm) kjem med hest og karjol etter ein dårleg seterveg.

Hyttebygging

Den fyrste som bygde seg hytte på Stor-Tann var Ludvig Funder, den tida han dreiv forsøka sine ved sommarmeieriet der. Det var i eit av åra før 1920. Hytta vart kalla «Pustut», og ligg ova Spangrudstulen. Det er ei romsleg tømmerhytte, lik eit vanleg sel. Truleg er ho sett opp av eit seterhus som er teke ned og fløtt. Da forsøka ved meieriet tok slutt, og Fåvang Ysteri henta mjølka med bil, vart hytta seld til stortingsmann Gunder Anton Jahren. Det er same slekta som eig ho i dag også.

Den andre turisthytta på Stor-Tann var det Anton Vedum frå Lillehammer som sette opp i 1920. Han var eigar av Record Sålefabrikk, og hadde ei tid mange tilsette i arbeid. Han kjøpte det siste kvernhuset i Gammeldalen, sette det opp att øvst på setra og kalla det «Roligheten». I 1924 vart hytta seld vidare til Johan Olaf Bredal, høgsterettssakførar og tidlegare statsråd. Hytta er i same slekta i dag.

I tillegg til pensjonatet på Skrukkrudsetra, var det kanskje ysteristyrar Sevald Flåten som sette opp den første turisthytta på Annolseter. Dette var ei tømrahytte på ei lita høgd like ova setra.

Etter dei siste godkjende reguleringsplanane, blir det ei mengde nye hytter, både større og flottare enn dei som har vore før. Dei vert og brukt meire av hyttefolket. Straum er det ikkje kome åt desse setrane enno.

Direkte avskrift etter Erling sine notater ved Åse Mork Borgedal juli 2021.

Etterskrift ved hyttevellet:

Erling var svært kunnskapsrik og var på mange måter som et levende leksikon. Han døde den 01.10.2013 og med ham forsvant mye av den lokalhistoria som ikke har blitt nedtegnet. På søndagene i den tida Åse Mork Borgedal hadde servering av rømmegrøt og spekemat i selet på Romsås Sygardsetra, hendte det at han fortalte om gamle dager og kunne svare på spørsmål fra feriefolk og bygdefolk som var innom.

En gang ble han spurt om det levde folk her på området i jernalderen. Sønnen Simen brøyt da inn og sa med tydelig og bestemt røst: «Godtfolk! Riktignok er han far gamal, men så gamal er han ikke at han kan huske det!»

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*