Sagbekken

SAGBEKKEN

Denne brua over Sagbekken er satt opp av Brekkom Utmarkslag sommaren 1998. Det har vore fleire gangbruer her før, men aldri nokon kjørebru. Før pinseflommen i 1958 grov ut det djupe bekkefaret som er no, var bekken så brei og flat her at ein lett kunne kjøre over.

Den eldste setervegen ein veit om, gjekk attover Romsåskjølen og kom opp vest på setra. Her gjekk den vidare over Borgedals-stulen og kryssa bekken her, og oppover forbi Djuptjønnet og mot Vesle Tann.
Ovanfor bekken ser ein tomta etter sommarmeieriet på Stor Tann. Det var bygd opp før 1900, og var i drift til Fåvang Ysteri tok til med mjølkekjøring frå setrene i 1927. Meieridammen låg lengre opp, ved vegen mot Pålsøygard. Det gjekk vassgrøft nedover stulen, og i trerenner på høge stolpar over vegen og bekken, mot det store vasshjulet.

Da meieridrifta tok slutt, vart sjølve meieribygningen i 1934 seld til Nils Hilstad, som brukte opp att materialane til hytte på Hilstadkvea. Den mura ostbua med vedskåle over, som står att enda vart seld til Johs. M. Huset Borgedal.

Det er mange som gjennom åra har lurt på kva det gamle namnet Sagbekken kom av, ingen visste om nokon sag her. Da meieriet var i gang, vart den ofte kalla Meieribekken, men da det tok slutt vart det gamle namnet teke i bruk att.

Nå veit ein etter leiting på Statsarkivet på Hamar at i 1728 var det innberetta for fogden om ei «Tand Sag» og eigarane av denne var Romsås, Mork og Spangrud, og i 1750 var det nemd ei Romsås sag. Men flommen i 1750 åra og seinare Storofsen i 1789 jamna nok ut alle spora.

Comments are closed.